530504c17b

 

Rusfri Oppvekst Osterøy

Årsmelding 2018

Styret:
Leiar: Norvald Vedå. Styremedlemar: Kjellaug Hartveit, Øyvind Vevle
Aktivitet:
Rusfri Oppvekst Osterøy har i år først og fremst arbeidd gjennom at medlemene har deltatt på arrangement som Edru Livsstil Osterøy  har hatt. 2 av medlemane i styret er også innvalde i styret til Edru Livsstil Osterøy, og dei har difor vore aktivt med i gjennomføring av fleire arrangement i rusførebyggjande arbeid.

  • 11. februar var det kulturkveld på Osterøy museum. Dette er eit tradisjonsrikt  arrangement der Edru Livsstil Osterøy og Osterøy museum er hovudarrangørar, men der Rusfri Oppvekst Osterøy var medarrangør. Ivar Fjell, journalist og forfattar heldt foredrag om strilane og kva som kunne vera deira opphav. Medlemar i Rusfri Oppvekst var sentralt med med i planlegging og gjennomføring av arrangementet. Rolls Up for Rusfri Oppvekst var sette opp på arrangementet. Rusfri Oppvekst sentralt ga kr 1500,- i stønad til kulturkvelden

  • Osterøytrimmen, arrangert av Edru Livsstil Osterøy.  Begge dei 2 kvinnene som leiar Osterøytrimmen, er også medlemar i Rusfri Oppvekst, og den eine også styremedlem. Dette er eit familievennleg tiltak, og alle aldersgrupper deltek. 10 postar er sette opp i variert terreng, t.d. på  fjelltoppar, ved gamle seterhus eller tomter, på vakre utsiktspunkt eller på andre spesielle stader. Omlag 400 kart vart selde i år. Mange av medlemane i Rusfri Oppvekst deltek. Dette tiltaket er så populært og så imponerande gjennomført i mange år at Osterøytrimmen fekk Osterøy sin kulturpris i 2017.  

  • 1. - 3. juni var det landsmøte i Selbu, Trøndelag. 2 medlemar frå  Rusfri Oppvekst Osterøy deltok, den eine som dirigent i landsmøteforhandlingane.

  • Trimfest for Osterøytrimmen i Osterøyhallen var 27. oktober. Premieutdeling for alle som fullførte Osterøytrimmen, og i tillegg servering av god bakst. Aktiv deltaking av medlemar i Rusfri Oppvekst Osterøy. Rolls Up frå Rusfri Oppvekst vart benytta på festen!

  • Det har ikkje vore formelle styremøte dette året, heller ikkje årsmøte i laget. Men der har vore uformelle samtalar og treff der arbeidet som  Rusfri Oppvekst driv sentralt vert omtalt og drøfta positivt!

  • Medlemstal: 25.  Støttemedlem: 1



Raknes, november 2019/januar 2020

Norvald Vedå (leiar)

Kontaktperson

Norvald Vedå
Leder

Kontaktinformasjon
 nvedaa@online.no